Lille Lungegårdsvannstafetten
BSI sterkt representert ved Lille Lungegårdsvann - stafett
Onsdag 16.
September arrangerte NHH aid stafett rundt Lille Lungegårdsvann. Og då det var
snakk om å måle kreftar var ikkje BSI HS styremedlemane Sindre Dueland (leiar i
BSI HS) eller Torstein Monsen (halltidsansvarleg i BSI HS og underteiknande)
vanskelege å be. For høve representerte me UiB sitt lag, og som stilte på
startstreken saman med NHHI, Sjøkrigsskulen og Juss.
NHH aid arrangerte,
som nemnd tidlegare, Lille Lungegårdsvann - stafetten. Dette er ein humanitær
organisasjon som samlar inn pengar til utdanning, for tida til skulebygging i
Malawi i Afrika. Stafetten var ein del av Aksjonsuken 09 og inntektene gjekk
til dette prosjektet.
Konkurransen var jamn og spanande til sist
slutt. Sindre Dueland sprang UiB si fyrste etappe og hang godt med lenge.
Etterkvart såg det ut som Sindre har hatt lange dagar på BSI - kontoret, ettersom luka opp til tredje auka
litt på slutten. Konkurransen si einaste dameløpar, Katrine Hjellum
(Studentparlamentet ved UiB) sprang andre etappe. Erlend, også frå
Studentparlamentet sprang vår tredje etappe. Begge kunne visa til god kondisjon
og gjorde ei flott innsats. Ettersom dei tre andre laga hadde allereie nærast
kome i mål, løp Torstein stort sett åleine runden rundt Lille Lungegårdsvann. NHHI
sitt lag vann føre Sjøkrigsskulen, Juss sprang inn til ein tredje plass, medan
UiB kom på fjerde og siste. No heite det vel ein gong slik at det viktigaste er
ikkje å vinna, men å delta. Vi takker for moglegheita til å delta og gler oss
til vende attende neste år.
Torstein Monsen
Bli styremeldem i BSI
Du kan nå bli med i teamet som styrer studentidretten i Bergen. Styret i BSI er ansvarlig for fordeling av midler og halltid til over 20 forskjellige idrettsgrupper med nesten 3000 medlemmer, og vi er nå på jakt etter nye styremedlemmer som kan tiltre ved Generalforsamlingen 18. februar 2009.
Som styremedlem i BSI jobber man tett sammen for å legge til rette for studentidretten i Bergen. Din egen idrettsgruppe nyter godt av dette i form av kr 2 000,- i ekstrastøtte, mens du selv får styrehonorar etter arbeidsmengde.
Styrets oppgaver inkluderer:
- Fordeling av midler til idrettsgruppene
- Fordeling av halltid for trening
- Informere om BSI og dets aktiviteter
- Vedlikeholde og utvikle BSIs web-sider
- Samarbeide med SiB og andre aktører
- Og mye mer
Vil du være med å påvirke, og samtidig få verdifull erfaring?
Ta kontakt med valgkomiteen: valg@bsi.no