Velkommen til BSI orientering


BSI Orientering, skipa 15. september 2005, er ein klubb for deg som heller er ute enn inne. Me ynskjer å vere eit miljø for deg som likar turar i skog og mark, sveitte, blod, tårer og våte føter. Me skal vere ein samlande og inkluderande klubb for orienteringsinteresserte på alle nivå. Gruppa har fellestreningar to gonger i veka. Treningane er opne for alle som kjenner hugen etter frisk luft. I tillegg deltek me kvar onsdag i sommarhalvåret på bedriftidrettskrinsen sine orienteringsløp i Bergensområdet. Vinterstid aukar me spaninga med Nattcup og hovudlykter. Høgdepunkta på året er Spring Cup og Tiomila.